Etter Asia venta tre veker i Australia på oss, der østkysten skulle utforskast. Me var så heldige å få besøk av Trine desse tre vekene, som møtte oss på flyplassen i Sydney. Første stopp var Melbourne, der me blant anna møtte Mike, som me tidlegare hadde blitt kjent med på gåturen opp Macchu Picchu. Weekenden i Melbourne blei brukt til shopping, vandring rundt i byen, bursdagsfeiring til Mike frå Melbourne, og besøk i dyrehagen for å sjå kenguru og koalabjørn. Bursdagen bestod av ekte aussie-rugby kamp, bar-til-bar, og Crown Casino! Første gang for både rugby og casino, så det var ekstra moro
Turen vidare gjekk til Sydney, der me var nokre få dagar. Her såg me operahuset, Sydney harbour bridge, tog båt over til Manly og utforska sjølvsagt utelivet med live-band og alt anna som høyrer med 
Etter Sydney reiste me oppover til Byron Bay, ein liten by me alle likte kjempegodt. Hovudgata var kjempelita, og strekte seg direkte mot stranda. Bygningane var veldig låge, på grunn av forbud mot å bygge over ein viss høgde. Det gav også sin eigen sjarm
Byen var full av hippiar, og hadde ein utrulig avslappande atmosfære. Ein kveld ute på byen blei me kjent med Steve frå USA, som budde i Surfers Paradise, vårt neste stopp på vegen. Han tilbydde oss overnatting, noko me gladelig takka ja til 
Huset hans var heilt perfekt; stor, god sofa og stor tv, og eit kjøken der Trine lagde sin berømte heimelaga pizza! Astrid og Stine var i himmelen, sidan det omtrent var tre månader sidan nokon av dei hadde sett tv og hatt ein sofa for seg sjølve!
Surfers Paradise var som eit lite mini-Las Vegas, med masse neonlys og flashing barar. Me var der berre frå søndag til tirsdag, så forsøka våre på uteliv blei ikkje heilt vellykka. Me prøvde oss å inn på studentbaren til Steve, men uten pass (norsk visa var ikkje bra nok) kom me ingen stader.
Ettersom det i mai er ganske kjølig i Australia (iallfall der me befant oss), bestemte me for å reise lenger nord, for å kunne komme nærmare varmen. Ein bekjent av oss me møtte i Buenos Aires, Eban, henta oss på flyplassen i Mackay, og kjørte oss til Airlie Beach. Her tok me oss ein fest med Eban før han måtte reise på jobb dagen etter. Utelivet i Airlie var ikkje skuffande, med folk frå heile verda!
Rett utanfor Airlie ligg delar av Great barrier reef, så me bestemte oss for å reise på segltur til revet, og å besøke Whitsunday beach, som er delar av nasjonalpark-områda langs revet. Seglturen varte i to netter, der me snorkla langs revet, og såg masse spennande! Turen tilbake var ganske ille, med så høge bølger at båten velta frå kant til kant. Stine sleit med kvalme heile vegen tilbake! Like greit at me ikkje drakk så mykje goon (vin på dunk) kvelden før 
Resten av tida vår i Australia brukte me i Airlie, der me sola oss på dagen, og fraus ganske ille på kveldane. Siste kveld bestemte me oss for å ete ein betre middag, sidan Trine skulle reise frå oss. Me bestilte kenguru og krokodille, noko som faktisk var ganske godt! Kenguruen var alles favoritt, og anbefalast til alle!
Australia gav absolutt meirsmak, og me tenkjer alle tre at me absolutt skal tilbake til Australia ein vakker dag 
xoxo