Fiji
Robinson Crusoe Island
03.06.2011
Etter tre fantastiske veker i Australia gikk turen til Fiji. Me bestemte oss for Robinson Crusoe Island, som er ei lita øy, det tar kun 15 min og gå rundt heile øya. Første inntrykket vårt var ikkje så veldig bra. Det var regn i lufta når me kom, og pga at det hadde vore uvær nokon daga i forvegen var stranda full av tang og vatnet brunt. Me bestemte oss for å ha eige hytta, me var ganske lei av og dela rom med andre, så syns det var på tide og få bu aleina! Hytta vår var kosleg, men kvar gang me skulle dusja måtte me koka vatn og fylla vatn i ei bøtta for å få vatn over hovudet.
Det dårlege første inntrykket vårt forsvant fort. Veret kom seg heldigvis ganske fort, så dagane gikk til fullstendig avslapping, volleyball speling, snorkling og kaiakk. Kvar dag kom det gruppe med folk som skulle vera på øya på dagstur, så dagane bestod av ein del aktivitetar, men godt og berre slappa av også Me hadde ein dag der me reiste til fastlandet på sandboarding, noko som var vanvittig morsomt! Var ganske skummelt når me stod på toppen, klar for og hoppa på brettet og skli ned på sanden, men morsomt var det. Ellers var me berre på øya og nytte late daga i sola med danseshow og alkohol.
Me var ca 5 turista på øya, så på kveldane hadde dei ansatte satt opp bord ved stranda med bål og musikk, kjempe idyllisk! Me var ganske fast bestemt på at me ikkje skulle drikka noko særlig i Fiji, sidan me hadde hatt tre harde veker i Australia, men slik vart det ikkje. Kveldane bestod av alkohol og kava drikking. Kava er ein urtedrikk som gjer at ein blir avslappa. Det ser ut som gjørma, og smaken var ikkje så veldig god, men etter å ha drukke ein del av det vart smaken berre bedre og bedre Smaken vart enda bedre med masse alkohol i kroppen! På kveldane hadde også dei ansatte show, som bestod av dansing og flammekasting, og med dei veltrente kroppane til gutane, var me i himmelen
Me hadde ei fantastisk veka, øya er absolutt til å anbefalast!
xoxo
Skrevet av AstriStine 13:14













