Guatemala!
Siste dag i Guatemala
23.01.2011
25 °C
No har me reist i nesten ein månad, sjølv om det virkar på oss som me har reist mykje lenger! Det er ikkje fordi me har kjeda oss, men me gjer så utrulig mykje kvar dag, derfor virka ei veka som ein evighet
Sidan sist me skreiv har me reist rundt i Guatemala. Det første me gjorde når me kom til Guatemala var og besøke ruinene i Tikal. Det var fantastisk å sjå på ruinene som var der, men etter to tima begynte eg og Astrid å bli ganske lei:p På veg til Rio Dulce stoppa med ved eit fossefall som hadde varmt kildevatn. Det var ganske rart å bada i fossen med kokande vatn strømmane. Det var mulighetar for å hoppa fra toppen av fossen og ned i vatnet. Astrid var tøff og hoppa, etter og stått 10 minutt på toppen av fossen og sett ned i vatnet
Men tøff var ho! Stine var for pinglete! I Rio Dulce overnatta me i jungelen igjen. Det var ein fantastisk fin plass, med basseng og elva rett utafor hytta vår. Her brukte me dagen på soling ved bassenget
Etter Rio Dulce gikk turen til Antigua, her fekk me endelig mulighet for å trena litt igjen! Astrid sitt kne vart hemma igjen av eine treningsøkta, så dagen etter måtte Stine gå aleina me resten av gruppa opp på ein aktiv vulkan. Det var visse område me kunne sjå lava, der stoppa me opp og grilla marshmallows! Nammm
Det var veldig synd at Astrid ikkje kunne vera me, men heldigvis er kneet på bedringens veg! Etter nokon daga i Antigua gikk turen til Lake Atitlan og San Juan der me skulle overnatta hos ein maya- familie. Stine hadde eit ønske, ikkje få bønner til middag! Det ønsket gikk ikkje i oppfyllelse. Når det var middagstid, fekk me kvar sin tallerken full med bønner og litt spangetti! Stine måtte svelge kvart bet med vatn, forferdelig! Ellers var ikkje overnattingen med familien nokon suksess, kommunikasjonen gikk dårleg! Astrid kunne snakka litt spansk og sto for det mesta av snakkingen, mens Stine satt i bakgrunn og såg på! Det var utrulig pinleg når me satt rundt middagsbordet og dei ikkje kunne eit einaste ord engelsk! Når me endelig var ferdig med den overnattingen gikk turen tilbake til Antigua, der me hadde siste dagen me gruppa vår.
No ser me fram til nokon dagar i Cuba! Me har fått ein del tips om ting me bør gjera der, så me gleda oss masse
Me kjem ikkje til å vera på internett når me er i Cuba, pga dårleg tilgang!
xoxo

Tikal

Finca El Paraiso

Finca El Paraiso

Rio Dulce

Rio Dulce

Antigua

Chichicastenango- markedet

Chichicastenango- markedet

Maya- familien

Satt bakpå Pickup truck

Satt bakpå Pickup truck

Chickenbussing tilbake til Antigua

Chickenbussing tilbake til Antigua
Skrevet av AstriStine 12:50 Arkivert i Guatemala














Hei!
Tykkjer eg ser dikka rundt matbordet hjå familien, hehe, pinlig stillheit e jo ikkje så artig
Så fine bilder dykk ha lagt ut. Moro å følgja med! Tykkjer at dikka er veldig tøffe som ha bada med haiar og rokker
Kos dikka i Cuba og ta vare på kvarandre!
Glad i dikka <3
Klem Nina
30.01.2011 fra NIna Øyre